Rykker ut til gasslekkasje i Bergen
Naudetatane er på veg til BIR Espehaugen i Bergen etter melding om gasslekkasje. Ifølgje politiet skal det vere snakk om propangass. Mengda er førebels ukjend. Området blir evakuert, og det er oppretta ei tryggingssone på 50 meter rundt staden. Brannvesenet er på staden og har gjort undersøkingar, og fortel at dei ikkje har klart å identifisere nokon gassar. Tryggingssona blir fjerna, og dei nedeskalerer hendinga. Politiet opplyser at dei verken har klart å finne beholder eller årsaka til lekkasjen, og seier det er ingen gass på staden no. Brannvesenet er ferdig på staden og personar får komme