Fann lovbrot hos alle sjukehus
Alle sjukehusa Sivilombodet undersøkte, har halde pasientar fastspent i belte ulovleg lenge. Enkelte pasientar låg fastspente frå fire til over 18 døgn, melder dei i ei pressemelding. Sivilombudet vitja Helse Bergen, Sørlandet sykehus, Sykehuset i Vestfold, Nordlandssykehuset, Lovisenberg Diakonale sykehus og Akershus universitetssykehus (Ahus) i undersøkinga. Sivilombod Hanne Harlem kallar funna svært alvorlege - og åtvarar mot fare for brot på menneskerettane. Ho krev strakstiltak og ein nasjonal statistikk over tvangsbruken.