Nok eitt fly omdirigert etter bombetrussel
Eitt stort passasjerfly i rute frå Dublin til Roma måtte lande i Frankrike. Flyet landa på Exreux i Normandie, opplyser den franske statsministeren sitt kontor, som legg til at dei følger situasjonen tett. Òg i København har politiet si bombegruppe rykt ut til to fly, før det viste seg at det ikkje var nokon fare. Hendingane kjem etter at eit rekke europeiske fly mottok bombetruslar tysdag. Varsla førte til at mange fly blei omdirigerte, og det blei sett inn store sikkerheitstiltak. Det har seinare kome fram at truslane var falske, skriv NTB.