Sør-Korea stoppa aksjehandelen midlertidig
Børsen i Seoul såg seg nøydd til å stoppe handelen i 20 minutt, berre tre minutt etter opninga. Det skjer fordi dei fryktar panikksal, at børsmeklarane sel unna aksjane sine av frykt for å tape enorme summar. Fredagshandelen starta med eit kraftig fall hos databrikkeprodusentane Samsung Electronics og SK Hynix. Etter ein eventyrleg vekst på børsane, i stor grad grunna kunstig intelligens, har det svinga kraftig den siste tida. I Sør-Korea har børsen falle kraftig.