Bombetruslar mot europeiske lufthamner

Det skal ikkje vere nokon fare for folk, seier dansk politi som er på Kastrup, flyplassen i København, i dag. Det skriv nyheitsbyrået Reuters. Eit fly som skulle frå Praha til Roma er i tillegg omdirigert til Venezia. Flyplassen i tsjekkiske hovudstaden har fått truslar mot fleire fly. Som tidlegare i veka er det ikkje funne eksplosiva. Både tysdag og torsdag var europeiske flyplassar prega av at mange fly måtte nødlande eller bli omdirigerte som følge av truslar.