Einigheit om fiskeriavtale med Russland

Fredag ettermiddag vart Noreg og Russland samde om ein ny fiskeriavtale for 2027. For første gong på seks år aukar torskekvoten i Barentshavet, med ein oppgang på 14 prosent til 325 000 tonn. Hysekvoten aukar med 18 prosent. Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss kallar semja avgjerande for kystsamfunna. – Denne fiskeriavtalen betyr enormt mykje for kystsamfunna, fiskarane og Noreg, seier Næss. Forhandlingane starta måndag 19. oktober og vart gjennomførte i Istanbul i Tyrkia. Dette er første gong sidan 2019 at delegasjonane har møttest fysisk, etter fleire år med digitale forhandlinga