Gjev pris til Demenskoret

Demenskoret til Oslo demensforeining er tildelt andreplassen i Alzheimer Europes «Anti-Stigma Award» for 2026. Det norske koret nådde heilt opp blant åtte finalistar, plukka ut blant kandidatar frå 44 demensorganisasjonar over heile Europa. Koret vart opphavleg kjent gjennom NRK-serien med same namn i 2023 og 2024. – Anerkjenninga høyrer først og fremst til kormedlemmene sjølve. Motet deira, openheita og viljen til å dele eigne erfaringar har endra korleis folk forstår demens. Det seier Bo Gleditsch, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Jan Runar Eliassen (bildet) tok imot pri